Produkt

Eplesaft

Buhagen eplesaft er pressa av lokale eple i Jostein sitt presseri. Safta blir pasteurisert, før den blir tappa direkte på flasker eller i bag-in-box. Kun eplesaft, ingen tilsetningar!

 

Lammekjøt av villsau

I vårt eige produksjonslokale blir villsaulamma til ferske produkt som fårikålkjøt, lammesteik og lammelår.

Råvarer til årets pinnekjøt og fenalår blir salta, for så å henga til tørking fram mot jul

 

 

 

 

Me har både konvensjonelt og økologisk lammekjøt.

 

Kalvekjøt

Kalveslakt frå vår eigen besetning blir skore ned hos oss, og blir vakuumpakka og modna i porsjonspakkar. Me lager ulike typar biff, kjøttdeig, grytekjøt, steiker og ellers det kunden ønskjer.  Alt kalvekjøtet vårt er økologisk.

 

 

Lammeskinn

Villsauskinna blir garva hos Granberg garveri i Ølen og finst i mange fine  fargekombinasjonar. Dei er vaskbare.